Blog Image

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Melshornet

Turar Posted on Tue, August 05, 2008 21:27:46

Turen i dag gjekk til Melshornet i deilig turveir, overskya og litt yr innimellom. Med på turen var Arnfinn, Linn, Randi, Ingrid, Akila, Bella og Kero. For Zuki og gamle Mira er denne turen for lang, så dei fikk vere igjen heime.

Litt bilder frå turen:

Blog ImageDrikkepause på veg opp. Blog ImageAkila og Bella. Blog Image

Bella, Linn, Akila, Randi, Ingrid og Kero på toppen av Melshornet. Vi kan sjå Ørsta i bakgrunnen.



Moelv

Utstilling Posted on Tue, August 05, 2008 21:21:17

Denne helga gjekk til Moelv og spesialutstilling. Vi kom fram til Sveastranda camping fredagskvelden, og der var allereide Terje og Tone. Etterkvart kom også Hege, Hilmar, Marius og Marthe, og seinare kom også Siri. Vi kosa oss med grilling inn i dei seine nattetimar.
Laurdag starta dagen med flott utstillingsveir passe varmt og overskya, men seinare på dagen opna himmelen seg og det pøsa ned! Det var ikkje berre på utstillinga det var vått, på campingplassen var det om mulig enda våtare…smiley
Ei stund etter vi kom til campingen vart veiret bedre, og vi bestemte oss for å vere der natta over. Alt ute var no vått likevel..
Zuki gjorde det veldig bra på kvalpeshow, nr 1 i 4-6 mnd og til slutt 2. beste tispe.

Blog ImageZuki vert bedømt av dommar Frode Jevne.Blog ImageBlog ImageUtrulig godt å ha eit telt å sitte i når det er sånt veir… Utstillinga vart stoppa ei stund på det verste.Blog ImageSånn såg det ut på campingen då arnfinn kom tilbake frå utstillinga. Det einaste som faktisk var tørt på bakken var teltet som Siri overnatta i. Det tørka heldigvis opp nokså fort.Blog ImageBlog ImageMarthe og Anna brydde seg ikkje om regnet, dei syns derimot det var veldig kjekt i søylepyttane.smileyBlog ImageGjengen i trøbåt på mjøsa. Bading måtte til etterpå:)Blog Image

Her er eit bilde eg fikk av Tone frå utstillinga på vestnes i juli. Sjekk i venstre hjørne. Ein stykk 4 mnd gamal berner på veg ut av grindene! Plutselig var Zuki ute av grinda og ingen såg korleis ho kom seg ut, men Tone tok bilde i rette øyeblikksmiley