Denne helga har eg vore på utstilling Ørsta og i Ålesund og det vart ei kjempehelg!smiley

Først ut var kvalpeshow i Ørsta, tenk å kunne reise på kvalpeshow og berre køyre 10 minutt!smiley Der satt dommar Barbro Myrseth Gjerde opp Zuki som Bir og Darwin (Melkebarts Draupner) vart Bim. Vidare vart Zuki plassert som BIG 3, medan Hege og Lotta plasserte seg som BIG 1. Gratuler til Hege som vidare plasserte seg som BIS 4 og til Sølvi og Sine som vart plassert som BIS-kvalp! smiley

Sjølv om eg på morgonen satt i sekretariatet og resten av dagen var alt-mulig-dame, fikk eg snakka med mange kjentfolk og kosa meg!

Søndagsmorgen satt eg nasa mot Ålesund og Sunnmøre Hundeklubb. Dommar i dag var Ian Colin Denton og han satt opp Zuki som Bir og Darwin som Bim. Zuki plasserte seg vidare som BIG 1 og vart liksågodt BEST IN SHOW!! Jippi!smiley Sølvi og Sine var like bak og plasserte seg som BIS 3, ei kjempe helg! Bilder kan de sjå under nyheiter.

Det har vore lite blogging med meg i det siste, dagane har gått i ett med førebuing og katalogskriving til stevnet til Ørsta og Volda Hundeklubb. Vi arrangerte både, kvalpeshow, agility og lydigheit.
Eg har også trent ein del Lp med Akila siste tida, for eg tok motet til meg og endelig meldte meg på Lp klasse1.. Men så klart fikk Akila løpetid ei veke før stevnet, så eg måtte trekke ho.smiley Etter reglane så får ikkje tisper med løpetid lov å starte i Lp klasse 1. Utrulig surt når eg endeleg hadde bestemt meg og faktisk gledde meg til å debutere.. Men, men treninga vi hadde i tida før stevnet skader no ikkje…

Darwin har vore hos oss i helga og det har vore koselig å ha han på besøksmiley

Nokre bilder smiley

Blog ImageZuki og Darwin kosar seg i hagen.Blog ImageJentene på tur, frå venstre: Bella, Akila og Zuki.Blog Image

Godjenta mi, Akilasmiley