Blog Image

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Bella har boller i ovnen!

E-kull Posted on Wed, March 11, 2009 10:43:04

Ei flott bursdagsgåve til Linn: Ultralydundersøkinga viser fleire kvalpar i magen til Bella!
Vi inbiller no oss at ho har vokse litt også, men det er nok litt tidlig å sei. Me gledar oss til et nytt melkebartkull.smiley

Bella er para med Nøklebyåsens Ulrich og kvalpar er venta rundt 18. april.

Ultrasound examination revealed several puppies in bellas woumb today! We look forward to another Melkebart litter sometime around april 18.smiley



Akila

Kvardagen Posted on Wed, March 11, 2009 10:27:50

Akila har den siste tida utvikla ein svulst ved haseleddet på eine bakfoten. I byrjinga var den liten og såg ut til å sitte på sena iflg. dyrlegen. Akila var ikkje plaga av den til og begynne med, men svulsten vokste. Dei siste vekene har ho stadig blitt verre og har halta, og dei siste dagane har ho ikkje kunne stå på foten. I dag hos dyrlegen sovna Akila stille inn 8 år gammal på bursdagen til Linn..

Akila har alltid vore ein enkel og ukomplisert hund, og kjekk å trene med. Ho var ei god mor for sine eigne og tilogmed for andre sine kvalpar. Akila var mor til 8, våre A, B og C-kull, og fostermor til 3 andre kvalpar som hadde mist mor si.
Akila var ein super familiehund som hadde vit til å gå vekk når ungane vart for viltre, men var alltid klar for ein sofakos eller ein strekk på golvet.

Takk for alle fine stunder i lag med deg.

Det blir veldig rart heime utan Akila..