Fredag kl 14.00 starta eg og Sølvi turen til Bergen. Bergen er for oss den nærmaste NKK-utstillinga, det er ca 30 mil, 3 ferjer, og tar rundt 5,5 timar å kome seg dit.
Laurdag arrangerte Norsk Newfoundlandshundklubb utstilling for Nuffe og Berner. I juniorklassa til Zuki var det 9 påmelde tisper og 8 møtte opp. Zuki vart der plassert som nr 1 med CK.smiley Trur eg smilte frå øyre til øyre, og det gjer eg vel forresten endasmiley. I beste tispeklasse var ho med heilt til der var 5 igjen, men som kjent så vert berre 4 sett opp så ho glapp akkurat plassering i BTK, men eg er kjempefornøgd med debuten til Zuki.smiley

Søndag var det NKK og 11 tisper i juniorklassa. I denne klassa fekk 6 blått, medan 5 stod igjen med rødt. Zuki var den siste som ikkje vart plassert i konkurranseklassa.
Takk for ei trivelig helg alle sammen. Vi kosa oss rundt ringen.smiley

Sølvi er så kjekk at ho tok bilder av meg og Zuki på laurdagen, og her er eit par av dei:



Zuki som nr 1 i juniorklassa med CK.

-Linn smiley