Blog Image

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

E-kullet er født :)

E-kull Posted on Wed, April 15, 2009 19:36:44

Då er fødselen til Bella over og resultatet vart 4 herlige jenter smiley

Den første vart født kl 09.45, var 460 gr, ein sokk på høgre framfot. Nr 2 kom kl 10.30, var 510 gr, 2 sokker og litt overtegna i ansiktet. Nr 3 kom kl 12.50, var 580 gr med flotte tegningar. Til slutt kom lillesøstra på 390 gr kl 15.40, ho også med sokk på venstre framfot.

Bella er ei fantastisk herlig og omsorgsfull mor, ho fødte dei lett og enkelt utan komplikasjonar. No ligg ho vedsidan av meg og snorkar. Stakkars vennen min er sliten.

Dei første bilda ligg på E-kull sida, fleire vil komme etterkvart.. (må berre slappe av litt først..smiley)

Linn smiley



Fødselen er i gang :)

E-kull Posted on Wed, April 15, 2009 14:17:21

Då er fødselen i gang og Bella har hittil fått tre tisper. Linn og Sølvi tek i mot dei slik tradisjonen er. Bella er ei flink mor og tek det heile fint. 
Bella ville ikkje ha kveldsmat i går kveld, og pesa litt i natt og var uroleg. på formiddagen i dag begynte kvalpane å kome, og hittil har altså tre tisper vorte fødde. Røntgenundersøking forrige veke viste fire kvalpar, så no venter Linn og Jordmor Sølvi på den siste kvalpen.
Alt er vel med mor og barn so longt.

Denne posten blir oppdatert utover dagen 🙂

Den fjerde kvalpen, ei tispe, er fødd.