Då er fødselen i gang og Bella har hittil fått tre tisper. Linn og Sølvi tek i mot dei slik tradisjonen er. Bella er ei flink mor og tek det heile fint. 
Bella ville ikkje ha kveldsmat i går kveld, og pesa litt i natt og var uroleg. på formiddagen i dag begynte kvalpane å kome, og hittil har altså tre tisper vorte fødde. Røntgenundersøking forrige veke viste fire kvalpar, så no venter Linn og Jordmor Sølvi på den siste kvalpen.
Alt er vel med mor og barn so longt.

Denne posten blir oppdatert utover dagen 🙂

Den fjerde kvalpen, ei tispe, er fødd.