Alt går berre bra med kvalpane. Bella har stor omsorg og ligg trufast i kassa og steller dei 4 småsmiley. Samtlige har auka i vekt. 

I går hadde vi besøk av dyrlege Anne Stine og ho fjerna ulveklørne. Kvalpane fikk bedøvelse før dei vart fjerna, og det gjekk kjempefint. 

Dette bildet er tatt akkurat no, ei snorkande Bella med sine kvalpar med mette mager. Hehe, det tek på å vere nybakt morsmiley.


Det vart mest bilder i dag, føler meg fortsatt litt tom i hovudet. Men det er no bedre enn ingenting vertfallsmiley.

Ha ei god helg, eg skal vertfall kose meg mykje med unger, hunder og kvalpar. 

I morga er Randi 9 år, GRATULERER med dagen vennen minsmiley

Linnsmiley