Torsdag pakka me vogn og bil og reiste til Frya for å delta på Norsk Berner Sennenhundklubb sin hovudspesial. Her kjem ei lita oppsummering av helgas begivenheitersmiley. Fredag var det nydeleg vær og vi berre kosa oss i sola med god mat og drikke.

Forrige laurdag heiv eg meg rundt og meldte meg på lydigheit klasse 1, så fredagen gjekk vel egentleg også med til å grue seg til å debutere i lp-ringen… Kl 9 laurdag var tida inne og vi starta med tannvisning og fellesdekk, det endte med 10 og 9,5. Lydigheitsdebuten enda med 152,5 poeng og 8 i heilheitsinntrykksmiley.

Eg og Zuki, full fokus smiley
Er kjempefornøgd med både Zuki og min prestasjon i lp-ringen. Dette gav meirsmak og eg vart veldig motivert til vidare trening, dette skal vi gjere fleire gongar. Vi endte til slutt på ein 4. plass av totalt 20 deltakararsmiley.

Søndag skulle Zuki og Luna i eksteriørringen, Luna i juniorklassa der ho endte som nr 3 med ck av 13 stk, og Zuki vart nr 4 i open klasse med ck av totalt 26 stk. Kjempebra av bernerjentene minesmiley.

Luna nr 3 med ck.

Zuki nr 4 med ck.

Zuki var også med i pappa Otto si avlsgruppe og han vart nr 1 med hp.

No er det kveld og vi skal berre kose oss, og så pakker vi saman og reiser heim i morgatidleg. Dette har vore ei kjempehelg og vi har storkosa oss på en super treffplass med gode vener!

– Linn smiley